Great Sugar Loaf
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Great Sugar Loaf | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 501 moh | |
Ligg i/på | Wicklow i Republikken Irland | |
Fjellkjede | Wicklowfjella | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Great Sugar Loaf (Store Sukkertopp), ofte berre kalla Sugar Loaf, er eit fjell aust i County Wicklow i Republikken Irland, like sør for Bray. Stundom vert det òg kalla Big Sugar Loaf for å skilje det frå Little Sugar Loaf i aust, på andre sida av vegen N11 frå Dublin til Wicklow.
Sjølv om det berre er 501 meter høgt er det isolert frå andre åsar i nærleiken og har bratte sider med ein vulkansk utsjånad som får det til å sjå høgare ut enn det er.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Great Sugar Loaf frå Engelsk Wikipedia .