Flensborg Fjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flensborg Fjord (tysk språk: Flensburger Förde) er Tysklands nordlegaste og Jyllands sørlegaste fjord. Slik dannar fjorden ein del av grensa mellom Tyskland og Danmark. Stavemåten Flensborg Fjord er dansk rettskriving.
Fjorden er 50 km lang. På den danske sida i nord ligg øya Als med byen Sønderborg. Mot vest ligg Broager, Egernsund, Gråsten, Rinkenæs og Kollund. Om ein kjem frå A 10, går vegen til fjorden over elva Kruså. Kort etter Kruså finst den såkalla Fjordvegen frå Kollund til Rinkenæs.
På den tyske sida finst ligg byen Flensburg (dansk: Flensborg) og mot aust mellom anna Lyksborg, Holnis, Bockholmwik, Langballig, Westerholz, Steinbergkirche og Gelting.
Mellom seglsportsfolk frå båe sider av grensa vert Flensborg Fjord rekna mellom dei venaste segleområda i Austersjøen. Turistar tek gjerne båten mellom Flensborg og Sønderborg.