See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ferdinandea - Wikipedia

Ferdinandea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tilnærma plassering til Ferdinandea
Tilnærma plassering til Ferdinandea

Ferdinandea er ei undersjøisk vulkansk øy som er ein del av den nyleg oppdaga undervassvulkanen Empedocles, om lag 30 km sør for Sicilia. I dag er ho berre eit undersjøisk fjell, men har fleire gonger stige opp av havet under utbrot, før erosjon har ført til at ho har forsvunne i havet igjen. Sist gong ho steig opp av havet var etter eit utbrot i 1831. Dette utløyste ein strid om kven som skulle eige øya tidleg i 1832. Den franske geologen Constant Prévost vitja øya i lag med ein kunstnar i juli 1831. Han kalte øya Île Julia, fordi ho dukka opp i juli, og skreiv om funnet i Bulletin de la Société Géologique de France.[1]

Innhaldsliste

[endre] Historie

Ferdinandea ligg i eit vulkanområde kalla Campi Flegrei del Mar di Sicilia, mellom Sicilia og Tunisia i Middelhavet. Mange undersjøiske vulkanar finns i området, i tillegg til nokre vulkanske øyar som Pantelleria. Første gong vulkanske aktivitet ved Ferdinandea vart registrert var under den første punarkrigen og øya har dukka opp og forsvunne igjen fire eller fem gongar sidan den gong. Sidan 1600-talet har det vorte registrert fleire utbrot.[2]

[endre] 1831 utbrotet

Måleri av utbrotet på Ferdinandea i 1831
Måleri av utbrotet på Ferdinandea i 1831

Ferdinandea sitt siste utbrot som ei øy var i juli 1831. Øya vart først gjort krav på av Storbritannia, som kalte øya Graham Island. Kongen av Napoli, Ferdinand II, som øya er kalla opp etter, sende skip til øya for å gjere krav på ho for Begge siciliar, medan den franske marinen òg gjekk i land på øya og kalla ho Julia. Spania gjorde òg krav på øya.

Etter utbrotet i 1831 auka øya til ein storleik på 4 km². Ho bestod derimot av laus tefra, som lett eroderte bort i bølgjene. Alt i januar 1832, kort tid etter utbrotet tok slutt, forsvann ho i havet igjen, før tvisten om suverniteten over øya vart avgjort. Utbrot i 1863 førte til at øya ei kort stund stakk opp av havet før ho igjen forsvann.

[endre] Nyleg aktivitet

Etter 1863 var vulkanen inaktiv i fleire tiår og toppen låg berre 8 meter under havflata. I 1986 vart ho visstnok tatt for å vere ein libyisk ubåt og bomba av U.S. Air Force på veg til å bombe Tripoli.[3]

I 2002 vart det registrert seismisk aktivitet rundt Ferdinandea og vulkanologar spekulerte i om dei stod over for nye episodar med utbrot. For å hindre ein ny strid om suvereniteten over øya, planta italienske dykkarar det italienske flagget på undervassfjellet.[4] Den seismiske aktiviteten har derimot ikkje ført til noko nytt utbrot så langt. I dag ligg toppen av Ferdinandea berre seks meter under vassflata.

[endre] Fotnotar

  1. «Notes sur l’ile Julia pour servir a l’histoire de la formation des montagnes volcaniques» i Mémoires de la Soc. Géol. de France, 1835 ("L’exploration de île Julia" og Geological Society, «From out the azure main» 31. januar 2003)
  2. Campi Flegrei Mar Sicilia, Smithsonian Global Volcanism Program, vitja 9. mai 2006
  3. The island that time remembered, Independent Online, vitja 9. mai 2006
  4. Volcano may emerge from the sea, BBC news online, vitja 9. mai 2006

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde


Koordinatar: 37°10′N 12°43′E


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -