Farmen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farmen er ein verkelegheitsserie (realityserie) som vert sendt på TV 2. Serien går ut på at 14 deltakarar vert isolert på ein gard, og skal då leve slik dei gjorde for 100 år sidan. Kvar veke må ein deltakar reise frå Farmen, dette etter ein tvekamp mellom to deltakarar. Programleiar for Farmen 2007 er Gaute Grøtta Grav, det var nettopp han som vann den første utgåva av Farmen.
[endre] Innspelingsstader
- 2001: Flå i Hallingdal
- 2003: Bjarkvik i Troms
- 2004: Sogndal i Sogn og Fjordane
- 2006: Monsøya i Ny-Hellesund utanfor Søgne i Vest-Agder
- 2007: Gården Bøenseter i Aremark i Østfold