See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fair Isle - Wikipedia

Fair Isle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fair Isle
North Haven aust på Fair Isle.  (Foto: Dave Wheeler)
North Haven aust på Fair Isle.
(Foto: Dave Wheeler)
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°32′N 1°37′WKoordinatar: 59°32′N 1°37′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 5,61 km²
Administrasjon
Land Skottland, Storbritannia
Council area of Scotland Shetland Islands
Demografi
Folketal 69 (2001)

Fair Isle (av norrønt Frjóey) er øy som ligg omlag halvvegs mellom Shetland og Orknøyane. Ho er 4,8 km lang og 2,4 km breid og har eit areal på 5,61 km². Øya ligg omlag 40 km sørvestom Sumburgh Head på Shetland Mainland. Sjølv om Fair Isle ligg litt nærare North Ronaldsay på Orknøyane høyrer ho aministrativt inn under Shetland.

Sola går ned over South Lighthouse
Sola går ned over South Lighthouse

Dei fleste av dei omlag 70 innbyggjarane bur på småbruk (såkalla crofts) på den søre delen av øya, medan den nordre delen av øya er dekt av steinete lyngheier. Den vestre kysten er bratt med klipper som kan vere opp til 200 meter høge. Folketalet har gått jamt nedover frå omlag 400 rundt 1900. Ungane på Fair Isle får gå barneskulen heime på øya, men når dei skal ta til i ungdomskulen må dei reise til Lerwick og gå på internatskule der. Fair Isle vantar restaurant og pub.

Fair Isle har vore busett sidan bronsealderen og grunnlaget for busetnaden har vore det rike fisket i farvatna rundt. Mykje fugl er innom øya i flyttsesongane og ho huser eit permanent fugleobservatorie der ornitologar studerer fuglelivet. Mange sjeldne fugleartar har vorte funne på øya, og Fair Isle er truleg den beste plassen i Vest-Europa om ein vil sjå sky fuglar som tundrapiplerke, stripesongar og starrsongar.

Øya vart kjøpt av National Trust for Scotland i 1954. Seljaren var George Waterson, grunnleggjaren av fugleobservatoriet.

Croft hus.
Croft hus.

Fair Isle er kjend for strikkegensarane som vert laga på øya. Denne produksjonen er ei viktig inntektskjelde for kvinnene på øya.

Sidan 1982 har to tredelar av energien dei brukar på øya kome frå vindturbinar, medan resten kjem frå eit dieselagregat.

På Ward Hill vart det under andre verdskrigen hastig sett opp ein radarstasjon av RAF. Ruinane kan enno sjåast. Ved staden ligg også restane etter eit styrta Heinkel He 111-fly.

20. august 1588 forliste flaggskipet til den spanske armadaen, «El Gran Grifón» i vika Stroms Heelor, noko som tvinga dei 300 sjømennene frå skuta til å bu hjå innbyggjarane på øya i seks veker. Skipsvraket vart gjennfunne i 1970.


[endre] Transport

Fly på rullebanen på Fair Isle.  (Foto: Dave Wheeler)
Fly på rullebanen på Fair Isle.
(Foto: Dave Wheeler)
  • Frå Fair Isle Airport går det fly til Lerwick.
  • Postbåten «Good Shepherd IV» går mellom Fair Isle og Grutness på Shetland Mainland.
  • Loganair har gjort det kjend at dei skal setje i gong ei flyrute mellom Kirkwall og Fair Isle med mellomstopp på North Ronaldsay. Ruta skal ha avgongar to gonger i veka og skal startast opp 25. mai og vere i trafikk til 7. oktober 2007 i fyrste omgong.



[endre] Andre nettstader

Denne artikkelen byggjer på «Fair Isle» henta frå Wikipedia på engelsk 14. mai 2007.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -