See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Europeisk honningbie - Wikipedia

Europeisk honningbie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europeisk honningbie

Europeisk honningbie (Apis mellifera)

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Hymenoptera
Underorden: Apocrita
Overfamilie: Apoidea
Familie: Apidae
Underfamilie: Apinae
Slekt: Apis
Art: A. mellifera
Vitskapleg namn
Apis mellifera
Linné, 1758

Europeisk honningbie (Apis mellifera), òg kalla vestleg honningbie, er ein art flygande insekt i slekta honningbier. Dei blir haldne som husdyr. Europeisk honningbie dannar eusosiale samfunn («bifolk») med ei dronning, titusenvis av arbeidarar og nokre få hannbier (dronar) som lev ei kort stund. Dette har dei til felles med fleire andre bi-artar. Opphavleg fanst dei berre i Europa, Afrika og Den nære austen. Då denne arten er viktig i birøkt og honningproduksjon er ho nå spreidd over heile verda, i samband med vestleg kolonisering. Innafor birøkt reknar ein med om lag tjuefem underartar, kalla rasar. I Europa finn ein særleg fire slike rasar, som spreidde seg nordover etter siste istid. Mellom dei er brune bier (A. m. mellifera), som tidlegare var einerådande frå Spania og på nordsida av Alpane opp til Skandinavia.

I Asia finn ein ytterlegare ni artar honningbie. Den mest kjende av desse er austleg honningbie (Apis cerana) som var den opphavlege verten for den særs skadelege biparasitten varroamidd.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Det har eksistert bier i minst 100 millionar år, frå tidleg Kritt. Det eldste fossile funnet er ei 2,95 mm lang ur-bie med kjenneteikn både frå bier og kveps, funne innkapsla i rav i nordre Myanmar[1]. Det viser korleis blomster-plantar (Magnoliophyta), som oppsto på denne tida, og bier utvikla seg parallelt. Biene har framleis ein viktig funksjon i økosystemet med pollinering (bestøving) av mange plantar, eit godt døme på symbiose.

Tidlegare rekna ein med at den europeiske honningbia utvekla seg frå den austlege honningbia i det vestlege eller sentrale Asia. Ut i frå nyare populasjonsgenetisk analyse kan det synest som om europeisk honningbie kom frå Afrika i fleire bølgjer, med ei distinkt vestleg grein og ei eller fleire austlege greinar. [2]

Eit tidleg teikn på honningfangst finn ein i helleristingar i Cuevas de Araña ved Bicorp i Valencia i Spania, desse er omlag 12 000 år gamle. Allerede for 7 000 år sidan gjekk ein over frå honningfangst hos villbier til å halde bier som husdyr (birøkt) i det sentrale Anatolia. I Egypt er det dokumentert vandrebirøkt i leirkuber på flåter på Nilen for 5 000 år sidan. I nedre Egypt blei bier nytta som symbol på makt, med kongen som bidronning.

I dei heilage skriftene til hebrearane er honning nemnt fleire gongar. Johannes døyparen levde på grashopper og vill honning. I Talmud finn ein kunnskap om bier og sverming, og om bikubar av strå og flettverk. I 600 f.v.t. blei det vedteke ein lov om bier i Hellas.

I Noreg er det ikkje sikker dokumentasjon på birøkt før på 1700-talet, sjølv om det er funne honningbier frå 1200-talet under utgraving i Gamlebyen i Oslo er det usikkert kva dette tyder.

Europeisk honningbie i flukta,den eine med pollen på bakbeina
Europeisk honningbie i flukta,den eine med pollen på bakbeina

[endre] Anatomi

Ei arbeidarbie sett nedanfrå.
Ei arbeidarbie sett nedanfrå.

Bidronninga er 15 til 18 millimeter lang, dronene 13 til 16 millimeter og arbeidarane 11 til 13 millimeter. Dette er tal som gjeld for tambier av dei underartane ein opphaveleg finn i Europa. A. m. scutella som ein finn i Afrika er noko mindre. I ein bikube kan ein skilje ut dronninga av di ho er større og har lengre bak-kropp. Dronane har tydeleg større fasettauge enn arbeidarane. Botnfargen er som regel brun. Hos nokre underartar er den framste delen av bakkroppen gulaktig, oransj eller raud- til lærbrun.

Bak-kroppen er bygd opp av fleire segment. Desse segmenta har ei rekkje med fine hår i bakkant, dette gjer at bakkroppen får karakteristiske mørke og ljose striper på tvers. Desse er like vel ikkje så tydelege som dei gul-svarte stripene hos kvefsen. bryst-delen av dyret har gulbrune hår.

Anatomien til honningbia
Anatomien til honningbia

Biene har kraftige musklar som driv vengene. Desse musklane har òg ein viktig funksjon i temperaturreguleringa i bikuben, på same viset som når pattedyr skjelv kan bia nytte dei til å lage varme. Bier kan òg setja seg i opninga på kuben og nytte vengene som vifter i eit ventilasjonssystem. I nokre situasjonar nyttar biene også vengene til å lage lyd.

Biene har tre par bein som er festa til bryst-delen av kroppen. Som hos andre insekt er beina delt i fleire delar. Den ytste delen, tarsen, er igjen delt i fem mindre delar og den inste av desse delane er sterkt forstørra på bakbeinet. Her er det ei lita grop med stive hår omkring, kalla pollenkorg.

Dronningar og arbeidarar har giftbroddar på bakkroppen.


Eit bakbein sett frå innsida; Den første, sterkt forstørra tarsen med pollenkorga, ei grop med stive hår omkring, kan ein sjå midt i biletet. Det svarar til 44 på teikninga over.
Eit bakbein sett frå innsida; Den første, sterkt forstørra tarsen med pollenkorga, ei grop med stive hår omkring, kan ein sjå midt i biletet. Det svarar til 44 på teikninga over.


[endre] Kjelder

  1. GO Poinar og BN Danforth: A Fossil Bee from Early Cretaceous Burmese Amber, Science, 2006, (314) 614
  2. Charles W. Whitfield et al.: Thrice Out of Africa: Ancient and Recent Expansions of the Honey Bee, Apis mellifera. Science, 2006 (314) 642-645.

[endre] Litteratur

Den tyske utgåva hadde 11.02.2008 desse kjeldene:


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -