Edvard I av England
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard I, eng. Edward I, Edward Longshanks, fødd 17. juni, 1239, død 7. juli, 1307, var konge av England og Lord av Irland frå 1272. Han var son av Henrik III av England og Eleonore av Provence og var gift med Eleonore av Castilla.
Han blei kalla Longshanks (Langbein) fordi han var ca 188 cm høy, og blei dessutan kalla Hammer of the Scots (Hammaren til skottane); på gravsteinen hans står det Hic est Edwardvs Primus Scottorum Malleus. Han blei kjent som den monarken som erobra Wales og tvang Skottland under engelsk dømme. Han regjerte frå 1272 til 1307 og tiltrådde trona 21. november 1272 etter at faren døydde.