Drope
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein drope er ein rundvoren væskepartikkel, som er heilt eller nesten heilt avgrensa av frie overflater. Den enklaste vegen å lage ein drope renne seint frå den lågaste enden av ein vertikal og smal sylinder. Når den hengande dropen blir stor nok, blir den ustabil og løsnar. Dropar kan også dannast ved kondensasjon av ei underkjølt damp eller ved atomisering av større væskemengder. Vekta på den største dropen som kan henge frå enden av ein sylinder med radius a er omlag:
- mg = 3πaλcosα
der λ er overflatespenninga til væska og α er kontaktvinkelen med sylinderen. Dette forholdet er grunnlaget for ein nyttig metode å måle overflatespenninga på.
På grunn av den forskjellige brytingsindeksen til vatn og luft, kan regndropar refraktere og reflektere sollys og regnbogar oppstår.