Det mongolske riket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det mongolske riket (kyrillisk: Их Монгол Улс) er det største sammenhengende imperiet i verdenshistorien og varte frå 1206 til 1368. På det største strekte det seg over 35 millionar km² og omfatta meir enn 100 millionar menneske. Det mongolske riket vart etablert av Djengis Khan i 1206. Han sameinte dei mongolske og tyrkiske stammane, og erobra enorme landområde i det kontinentale Eurasia. På høgda si inneheldt det store delar av territoriane frå Søraust-Asia, til Sentral-Europa.