Den arabiske ligaen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den arabiske ligaen ( (جامعة الدول العربية) , Jami'at al-Duwal al-'Arabiyya) er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda. Ligaen arbeider for samarbeid innan næringsliv, finansvesen, transport, kultur, helsevesen, medlemslanda sin suverenitet og fremje av sams interesser. Ligaen arbeider for at Palestina skal anerkjennast som sjølvstendig stat.
Ligaen har inga overnasjonal myndigheit over medlemslanda, og spelar slik ei mindre omfattande rolle enn organisasjonar som til dømes EU.
[endre] Historie
Den arabiske ligaen vart grunnlagt 22. mars 1945 i Kairo, kor han har sete. Sju land var med på opprettinga.
I byrjinga jobba ligaen i særleg grad for å sikre sjølvstende for land under kolonistyre. Seinare vart hovudfokuset retta mot å fremje samarbeid mellom medlemslanda. Ligaen har også spelt ei rolle i Israel-Palestina-konflikten. I 1948 gjekk seks av medlemslanda (Irak, Syria, Libanon, Transjordan, Egypt og Saudi Arabia) til angrep mot den nyoppretta staten Israel.
[endre] Medlemsland
Den arabiske ligaen er samansett av 22 medlemsland; 21 nasjonalstatar i Nord-Afrika og Midt-austen forutan Palestina.
Det bur over 300 millionar menneske innanfor ligaen. Talet (i millionar) på innbyggjarar i kvart land står i parentes bak landet.
- Egypt (77)
- Algerie (32)
- Bahrain (0,7)
- Djibouti (0,5)
- Irak (26)
- Jemen (19)
- Jordan (5,7)
- Qatar (0,8)
- Komorane (0,5)
- Kuwait (2,3)
- Libanon (3,7)
- Libya (5,7)
- Marokko (32)
- Mauritania (3,0)
- Oman (3,0)
- Palestina (3,0)
- Saudi-Arabia (24)
- Somalia (10)
- Sudan (38)
- Syria (17)
- Tunisia (10)
- Dei sameinte arabiske emirata 2,4
[endre] Administrasjon
Generalsekretær er sidan 2001 egyptaren Amr Moussa.
Namn | Nasjonalitet | Byrja | Slutta |
---|---|---|---|
Abdul Rahman Hassan Azzam | Egypt | 1945 | 1952 |
Abdul Khlek Hassouna | Egypt | 1952 | 1972 |
Mahmoud Riad | Egypt | 1972 | 1979 |
Chedi Klibi | Tunisia | 1979 | 1990 |
Dr. Ahmad Esmat Abd al Meguid | Egypt | 1991 | 2001 |
Amr Moussa | Egypt | 2001 | no |