Dei fire store i norsk rock
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fire store i norsk rock er eit uttrykk som blir brukt, kanskje særleg med tanke på 1980-åra, om musikkgruppene deLillos, DumDum Boys, Raga rockers, og Jokke & Valentinerne, som laga personleg og nyskapande rock på norsk.
Namnet er eit spel på uttrykket brukt om dei fire norske forfattarane Lie, Bjørnson, Kielland og Ibsen, som blir omtala som dei fire store i norsk litteratur.
Omgrepet skal ha blitt introdusert i Arbeiderbladet i 1984 i eit intervju med Jokke & Valentinerne.
[endre] Kjelde
- De fire store stadig større - artikkel i Dagsavisen.