Datavirus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Datavirus eller virus er eit slags program som har som eigenskap at den kan reprodusere seg sjølv frå ei infisert vertsmaskin til ein anna. Eit datavirus kan spre seg ved å kopiere programkoda inn i andre eksekverbare filer, datamaskinas oppstartsektor, eller gjennom dokumentmakroar. Når ei infisert datafil vert kopiert over til en uinfisert maskin, vil programmkoden byrje å kopiere seg sjølv til kvar fil som seinare vert lagra på den infiserte maskina.
[endre] Ormar
Ein variant av virus er ormer, som ikkje treng nokon vert for spredning. Den har dei mekanismane sjølv som trengs for spredning, men oppføyrer seg forøvrig på same måten som virus.
I tillegg til reproduksjon, kan både virus og ormer ha andre funksjoner. Desse funksjonane kan vere harmløyse, til å kunne vere svært destruktive ved å slette all data på harddiskar og anna lagringsmedia som seinere nyttast i den infiserte maskina. Nokon virus og ormar er tidsbomber som går av ved eit viss tidspunkt, eller logiske bomber som går av etter ei viss handling. Ofte vert ormar nytta til å avlytte brukarens passord for å skaffe kontroll og ta over maskina.
Det minste kjente dataviruset er på 13 byte.
[endre] Trojansk hest
Ei anna variant er Trojansk hest. Dette er uønska programvare som utgjev seg for å vera noko heilt anna, eit produkt som folk gjerne vil ha. Dess meir populært, jo større vert sannsynligheita for at programvara vert lasta ned. Trojanske hestar kan og ha funksjonar som gjev brukaren inntrykk av at programvara som er nedlasta er reell, så den skjulte programvara kan opere fritt. Ofte inneheld Trojanske hestar spionprogramvare, men kan og inneholde virus som startar å spreie seg etter at det er lasta inn.