Dagsrevyen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagsrevyen er eit nyhendeprogram som vert sendt kvar dag klokka 19 på NRK1. Den fyrste sendinga gjekk på lufta i 1958, og programmet har hatt same namn sidan den gongen. Programmet vert gjerne kalla flaggskipet til NRK. Med opp mot 1 million sjåarar dagleg, er Dagsrevyen den største nyhendesendinga i Noreg.
Sidan 15. september 2004 har Grethe Gynnild Johnsen vore nyhenderedaktør for dagsrevyredaksjonen. Dei riksdekkjande nyhendesendingane på NRK – Dagsrevyen, Kveldsnytt, Siste Nytt, Standpunkt, RedaksjonEN og Urix – ligg under denne redaksjonen.
Det er kring 200 tilsette i avdelinga. Redaksjonen held til i fjernsynshuset på Marienlyst i Oslo.
Dagsrevyen er ein del av nyhendedivisjonen (NYDI) til NRK.