Cotopaxi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Cotopaxiprovinsen
Cotopaxi er ein aktiv vulkan som ligg rundt 50 km sør for den ecuadorianske hovudstaden Quito. Med ei høgd på 5897 moh. er han den nest høgaste i landet, etter Chimborazo. Dette er den nest høgste aktive vulkanen i verda, etter Tupungato som ligg i Chile. Siste kjende utbrot var i 1904. Før det hadde han 50 utbrot etter 1738. Cotopaxi er ein typisk stratovulkan. Form som eit omvendt kremmerhus,avdi lavaen er så seig at han ikkje flyt langt frå krateret.