Brage
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brage er i den norrøne gudetrua ein klok og veltalande gud for dikting og skaldekunst. Han er også kjøkenmeisteren i Valhall.
Brage er son av Odin og gift med Idunn. Han har ein nokså anonym plass i den norrøne mytologien, og dette kan tolkast slik at Brage berre av ein av dei mange skikkelsane til Odin.
Brage opptrer i Loketretta, forteljinga der Loke lager uro i gjestebodet til Æge. Han er den første som fortel Loke at han ikkje er ønska, og den første til å truga han:
14. Brage kvad:
- "Var eg utanfor,
- Æges-halli
- so nær deg som no:
- hovudet ditt
- eg i handi mi bar;
- då læta du fekk for di lygn."
15. Loke kvad:
- "Du er ov-kar i sessen,
- men aldri slaget meir,
- Brage benkje-pryda!
- Kom ut og slåst,
- um sinna du er,
- djerv mann drev seg 'kje lenge."
[endre] Namnet Brage
«Brage» er i dag brukt som guttenamn. Ein finn det òg i namn som Brageprisen, ein norsk litteraturpris, i Brage Forlag, Brage Fagbokhandel og Fotballklubben Brage. Bragefeltet er eit oljefelt i Nordsjøen.
[endre] Kjelder
- Loketretta omsett av Ivar Mortensson-Egnund, 1928