Bragefeltet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bragefeltet er eit produksjonsfelt for olje og gass som ligg i blokkene 30/6, 31/4 og 31/7 i Nordsjøen med StatoilHydro som operatør.
Bragefeltet er bygd ut med ein plattform som ligg 13 km aust for Osebergfeltet (OSF). Brageplattformen er ein stålplattform som har integrert bustad-, prosess- og boreutstyr. Utvinning av petroleum starta i 1993 og er pr. 2007 på kring 350 000 fat olje per dag. Feltet er rekna å innehalda 49,8 mill Sm3 olje og 2,4 mrd Sm3 gass.
Olja vert eksportert til Stureterminalen via Oseberg Transport System (OTS). Naturgass frå Bragefeltet vert eksportert via Statpipe til Tyskland.
[endre] Sjå òg
- Olje- og gassfelt på norsk kontinentalsokkel