See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Beretta 1934 - Wikipedia

Beretta 1934

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Beretta 1934
Beretta 1934

Beretta 1934 er ein kompakt sjølvladepistol som vart gjeven ut som standard tenestepistol til den italienske hæren. Han er i kaliber 9 mm kort (9x17 mm), au kjent som kaliber .380 ACP. Frå året etter vart han au laga i kaliber .32 ACP. Denne varianten blir somtid kalla Beretta (modell) 1935. Denne vart bruka av marinen og flyvåpenet.

Beretta produserte sin første pistol i 1915, og modell 1934/35 vart den mest utbreidde av produkta deira før andre verdskrigen.

Først på 1930-talet var den italienske hæren imponert over den tyske Walther PP-pistolen. Beretta ville ikkje miste ein stor militær kontrakt til tyske konkurrentar, og konstruerte modell 1934 for det italienske militærvesenet.

Både kaliber .380 og kaliber .32 ACP er høvelege kaliber for ein blow-back-mekanisme, ein enkel mekanisme som er rimeleg å laga, i høve til det kraftigare kaliber 9 mm Parabellum som krev ein meir komplisert og monaleg dyrare locked-breech-mekanisme.

Beretta 1934 har manuell sikring. Magasinet held ni skot i .380, og har ei fingerstøtte nedst som gjev betre grep.

Sjølv om denne pistolen var laga for militæret, vart han au seld på den sivile marknaden, og han vart bruka av politiet. Politipistolane er gjerne merkte PS for Pubblica Sicurezza.

Beretta 1934 har den karakteristiske opne sleiden som Berettapistolane brukar, er laga med relativt få delar og er lett å vedlikehalde. Han er svært robust konstruert.

Våpenet vart mykje bruka i andre verdskrigen av dei italienske styrkane.

Beretta 1934 var i produksjon frå 1934 til 1991, og over ein million eksemplar er laga.

[endre] Sjå au

[endre] Eksterne lenkjer

[endre] Kjelde

Engelskspråkleg wikipedia [1]


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -