Baroniet Rosendal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baroniet Rosendal er ein herregard som ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune. Herregarden ligg ved enden av Hattebergdalen, mellom fjella Melderskin og Malmangernuten.
Baroniet var det einaste i Noreg, og vert no drive som eit museum. Baroniet vart oppretta i 1678 av kong Kristian V av Danmark-Norge, men sjølve slottet blei byggd på 1660-talet.
Mannen som stod for bygginga av slottet var dansken Ludvig Rosenkrantz. Han byggde skandinavias minste slott på garden Hatteberg, som var garden han og kona hans, Karen Mowatt, hadde fått i bryllaupsgåve frå far til bruda, Axel Mowatt. Axel Mowatt var på denne tida Noregs nest rikaste mann.
Universitetet i Oslo eig eigedommen.