Bakepulver
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakepulver er eit tørt hevemiddel i pulverform brukt i baking.
[endre] Kjemi
Det finst i flere utgåver, alle inneheld eit alkalistoff (vanlegvis natriumbikarbonat, natron), ei syre i saltkrystallform og stivelse for å holde pulveret tørt. Når bakepulveret vert løyst i vatn, reagerer syra og alkaliet og dannar karbondioksid, som tar større plass enn pulveret og hever blandinga.
Vi kan skrive reaksjonslikninga slik:
Dei fleste moderne bakepulver inneheld to ulike syresalt slik at dei reagerer to gonger, ein gong ved romtemperatur og ein gang ved høgre temperatur (ved steiking).
[endre] Historikk
Ein selde fleire ulike bakepulvertypar i første halvdelen av det 19. hundreåret, men bakepulveret vi kjenner idag vart oppdaga av Alfred Bird. Eben Norton Horsford, ein student av Justus von Liebig, begynte å studere bakepulver i 1856 og utvikla etterkvart ein variant han kalla opp etter Grev Rumford. Den tyske farmasøyten August Oetker gjorde bakepulver veldig populært då han begynte å selje miksturen sin til husmør. Denne miksen vert seldt som Backin i Tyskland. Oetker begynte masseproduksjon i 1898 og patenterte teknikken sin i 1903.