Apurímac
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apurímac (spansk: Río Apurímac), apu=guddom rimac=orakel, talsmann, har kjelder frå smeltevatn av isbre ved Nevado Mismi, eit 5 597 meter høgt fjell i Arequipa-regionen i sørlege Peru.
Med vatn frå Nevado Mismi gjer Apurímac dermed Amazonaselva til verdas lengste elvesystem. Dei mest fjerne kjeldene er ca. 40 km frå byen Chivay i Colcadalen og mindre enn 160 km frå kysten av Stillehavet.
Apurímac renn stort sett i retning nordvest og passerer om lag 50 km sør for Cuzco i eit mykje djupt og trongt dalføre med mange stryk og fossar. Elva er mange stader strid slik at det skal berre finnast to som har klart å padle elva i heile lengda. Etter 730 km flyt Apurímac saman med Mantaro og dannar Ene, framleis i retning nordvest, ( ), 440 moh. Etter nye 125 km sluttar ho seg til Perené på 330 moh., no vert ho Tambo og snur mot aust og nord og møter Urubamba på 280 moh. der ho endeleg vert Ucayali, ei av hovudsideelvane til Amazonas. Somme regnar òg med Ene og Tambo ned til Ucayali som Apurímac med ei total lengd på 1 069 km.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Apurímac River frå Engelsk Wikipedia .