Antillane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antillane er eit fellesnamn for dei karibiske øyane med unntak av Bahamas.
Ein skiljer mellom Dei store Antillane og Dei små Antillane. Dei store Antillane ligg i nordvest og inkluderar øyane Cuba, Jamaica, Hispaniola (med Haiti og Den dominikanske republikken) og Puerto Rico. Dei små Antillane omfattar resten av øyane i dette arkipelet frå Dei amerikanske jomfruøyane til Aruba i sørvest.
Frå Puerto Rico til Martinique blir dei kalla Leeward Islands, frå Martinique til Trinidad, Windward Islands.
Antillane er toppen av ei vulkansk fjellkjede, eit framhald av fjella i Sør-Amerika.
[endre] Dei store Antillane
- Cuba
- Hispaniola
- Jamaica
- Puerto Rico
[endre] Dei små Antillane
- Anguilla
- Antigua og Barbuda
- Aruba
- Barbados
- Bonaire
- Dei britiske jomfruøyane
- Curaçao
- Dominica
- Grenada
- Guadeloupe
- Martinique
- Montserrat
- Dei nederlandske Antillane
- Redonda
- Saba
- Saint-Barthélemy
- Saint Kitts og Nevis
- Saint Lucia
- Saint Martin
- Saint Vincent og Grenadinene
- Sint Eustatius
- Trinidad og Tobago
- Dei amerikanske jomfruøyane
- St. Croix
- St. John
- St. Thomas