Antananarivo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antananarivo (eldre namn:Tananarive) er hovudstaden på Madagaskar og i provinsen Antananarivo. Byen hadde 802 000 innbyggjarar i 1997. Antananarivo vart grunnlagd kring 1625 og vart i 1797 gjort til hovudstad for Merina-kongedømet. Kongedømet hadde fått herredøme over heile Madagaskar. Byen vart erobra av franskmennene i 1895 og integrert i det franske protektoratet Madagaskar.