Anders Celsius
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Celsius (27. november 1701–25. april 1744) var ein svensk astronom (tildels òg geograf og kjemikar). Han er likevel i hovudsak kjend som fysikar, av di han i 1742 fann opp temperaturskalaen som i dag ber hans namn (°C).
Anders Celsius var tilsett i mange år som professor i astronomi ved universitetet i Uppsala, men store delar av denne tida var han på reiser i utlandet.
På 1700-talet hadde vitskapsmenn for første gong greidd å laga nøyaktige termometer. Den første i verda som laga eit godt termometer, var Daniel G. Fahrenheit. Men mange, blant dei Celsius, syntest at Fahrenheit-skalaen var for ulogisk. Celsius ville laga ein betre skala for måling av temperatur, og han valde å fastsetja nullpunktet til kokepunktet til vatn under normalt trykk ved havyta. Smeltepunktet for vatn definerte han som 100°C, og intervallet mellom dei to temperaturane delte han inn i 100 like steg, eller grader.
I 1747 bytte ein om definisjonane, slik at smeltepunktet vart 0°C og kokepunktet 100°C, men elles står Celsius sitt arbeid med temperaturskalaen ved lag.
Celsius døydde i Uppsala i 1744, av tuberkulose.