See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Alpehorn - Wikipedia

Alpehorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alpehornkonzert i Vals GR.
Alpehornkonzert i Vals GR.
Ein sveitsisk akpehornspelar.
Ein sveitsisk akpehornspelar.
D' Dieß'ner alpheornspelarar.
D' Dieß'ner alpheornspelarar.

Alpehorn er eit blåseinstrument som stammar frå 1300-talet og som opphaveleg vart nytta av gjetarar i Alpane til å kommunisera over lange avstanadar. Det er mest utbreidd i Sveits, men ein finn òg alpehorn i Frankrike, Austerrike, Oilen og Romania. Alpehorn vart òg kalla «Waldhorn» (skogshorn) «Wurzelhorn» (rothorn) og "Stockbüschel" (stavbunt) [1].

Innhaldsliste

[endre] Oppbygging

Lyden vert generert av ei svingande luftsøyle, så alpehorn er eit Aerofoninstrument. Alpehorn har korkje tunge, ventillar eller klaffar, så blåsaren generera dei ulike tonane med munnen. Lyden inneheld grunntonen som blåsaren genererer og overharmoniske frekvensar.

Hornet fungerer som ein akustisk transformator, som aukar strålingsimpedansen i halsen på hornet til ein mykje høgare verdi enn i munninga. Dette fører til at verkningsgraden aukar og utstråla akustisk effekt aukar. Den nedre grensefrekvensen til eit horn er invers proporsjonal med kor snøgt arealet på bølgefronten utvidar seg. For å få ein låg nedre grensefrekvens må difor arealet av tverrsnittet til hornet utvida seg sakte, noko som fører til at det vert langt. Til lågare frekvens lyden har til større avstand kan den høyrast på. Etter som alpehorna vart nytta for å kommunisera over store avstandar må dei spela låge tonar og vert difor lange. Ei venleg lengd er 3,5 m, men det finst mykje lengre alpehorn. Rekorden er på 47 m [2].

Når hornet vert spela ved eit vatn vil lydbølgene fylja vassflata og høyrat på avstandar opp til 10 km. Naturformasjonar som tronge dalar med fjell på sidene kan òg føra til at lyden kan høyrast på stor avstand.

Alpehorn vert som oftast laga av gran, men furu vert og nytta. Den tradisjonelle måten var å nytt ei gran med ein krok ved rota, som ein helst finn i skråningar. Treet vert så delt i to på langs, hola det ut, og sett saman att. For å få ein lufttett skøyt vert det nytta voks eller harpiks. Tidlegare vart dei to delene heldt saman med røter, noko som har gjeve opphav til nemninga «Wurzelhorn» (rothorn).

For å få meir rasjonell produksjon vert dei fleste moderne alpehorna laga i av tre delar. Den rette delen vart framleis kløyvd i to, fresa ut maskinellt, og lima saman med modelne lim. Den krumme munningsdelen vert laga separat og sett på i etterkant.

[endre] Opphav

Det tykkjest vara semje om at alpehornet er svært gamalt [1] og truleg har det utvikla seg gradvis over ein lang periode. Eit altarbilete i eit kapell i Oberstdorf i Bayern syner alpehornspelarar i bakgrubbeb [3]. På eit av måleria til den tyske målaren Martin Schongauer (1445/50 - 1491) er det to jertarar med kvart sitt alpehorn[1].

[endre] Utbreiing og bruk

I tidlegare tider var alpehorn i bruk fleire fjellbygder, der det vart nytta for å kommunisera over store avstandar [4] [5] og for å kalla heim kyrne [6]. Etter som modelne kommunikasjonsmiddel tok over vart det slutt på å nytta alpehorn og på mage stadar kom det heilt bort. I seinare tid har interressen for å ta vare på alpehornet og tradisjonane rundt det auka og entusiastar har teke til å spela alpehorm på nytt [3].

[endre] Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Hassler, H., Alphorn im Wandel der Zeit, Allgaeuseite.de. (vitja 16/3-2008)
  2. Das Alpenhorn - Traditionelles Schweizer Blasinstrument. (vitja 16/3-2008)
  3. 3,0 3,1 Hirteninstrument - Vor 50 Jahren kehrte das Alphorn ins Allgäu zurück, Welt Online, 9/3-2008.
  4. Das Allgäuer Alphorn und seine Geschichte, Holderberger Alp-Traum-Bläser. (vitja 16/3-2008)
  5. Alphorn gehört in die Berge und nicht auf große Bühnen Alphorn gehört in die Berge und nicht auf große Bühnen, all-in.de. (vitja 16/3-2008)
  6. Nendaz, La capitale du cor des Alpes, Festival International 7-8 août - Stages d'initiation - Atelier de fabrication.

[endre] Bakgrunnstoff

[endre] Sjå òg

  • Horn
  • Didgeridoo


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -