Albireo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Observasjonsdata Epoch J2000 |
|
---|---|
Variabilitet | |
Spektraltype | |
Rektasensjon | 19t 30m 43,3s |
Deklinasjon | +27° 57′ 34,8″ |
Avstand | 385 lysår () |
Visuell magnitude (V) | 3,08 |
Fysiske karakteristikkar | |
Masse | ( M☉) |
Radius | ( R☉) |
Farge (B-V) | +1,13 |
Farge (V-I) | |
Absolutt magnitude (V) | |
Luminositet (V) | L☉ |
Overflatetemperatur | K |
Alder | |
Rotasjonsperiode | |
Oscilleringsperiode | |
Særlege eigenskapar | |
Andre namn | |
System | |
Stjernesamansetnad | |
Stjerner i same system | |
Planetar og småplanetar |
Albireo, òg kalla β Cyg / β Cygni / Beta Cygni, er den tredje klåraste stjerna i stjernebiletet Svana. Sjølv om ho har nemninga «beta», er ho faktisk svakare enn Gamma Cygni.
Cygnus tyder «Svana», og Albireo er på hovudet åt svana; ho blir stundom kalla «nebbstjerna».
Namnet sitt fekk denne stjerna via mistolkingar og feilomsetjingar. Det første kjende namnet på stjerna var «al-Minhar al-dadjadjah» (‘hønsenebbet’) i arabiske tekstar. Latinske lærde misforstod det og trudde at namnet kom av ei slags urt, så dei omsette det til «ab ireo» (‘frå ireus’). Seinare meinte nokon at det var ei feilskriving frå arabisk og skreiv det om til «al-bireo».
Albireo er 385 lysår frå jorda. Utan hjelpemiddel ser Albireo ut som ei enkeltstjerne, men når ein ser på ho gjennom eit teleskop eller ein kikkert, viser ho seg som ei dobbeltstjerne med éin gul (visuell magnitude 3,1) og éin blå (visuell magnitude 5,1) deltakar. Dei to ligg i ein innbyrdes avstand av 34 bogesekund sett frå jorda, og saman utgjer dei ei av dei mest kontrastrike dobbeltstjernene på grunn av dei ulike fargane deira.
Dei vart tidlegare berre sett på som ei optisk dobbeltstjerne, som berre tilfeldigivis låg på linje sett frå jorda utan å høyre til kvarandre, slik eit ekte dobbeltstjernesystem gjer. Men trass i den store avstanden mellom dei, er dei faktisk ekte dobbeltstjerner, der den lyse og gule stjerna, beta Cygni A, sjølv er ei dobbeltstjerne med eit svært tett krinsløp.