Aksel Sandemose
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksel Sandemose (19. mars 1899–6. august 1965) var ein dansk-norsk forfattar som skreiv på riksmål.
Sandemose var fødd som Axel Nielsen i Nykøbing Mors, men i 1921 fekk han det endra til Aksel Sandemose. Oppveksten på Limfjordsøen Mors gjev stoff til ein stor del av forfatterskapet hans. Også tida som sjømann i dei heilt unge åra pregar bøkene. I 1930 busette han seg i Noreg, som var fødelandet til mora.
[endre] Verk
- 1923 Fortællinger fra Labrador
- 1927 Klabavtermanden
- 1928 Ross Dane
- 1931 En sjømann går i land
- 1933 En flyktning krysser sitt spor (som inneheld den kjende Janteloven)
- 1936 Vi pynter oss med horn
- 1945 Tjærehandleren
- 1946 Det svundne er en drøm
- 1949 Alice Atkinson og hennes elskere
- 1950 Eventyret fra kong Rhascall den syttendes tid om en palmegrønn øy
- 1958 Varulven
- 1960 Murene rundt Jeriko
- 1961 Felicias bryllup
- 1963 Mytteriet på barken Zuidersee
I tillegg kjem eit stort tal essay og artiklar.