Ślęża
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg artikkelen om elva Ślęza
Ślęża | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 718 moh | |
Ligg i/på | Polen | |
Fjellkjede | Masyw Ślęży | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Ślęża (tysk Zobten eller Zobtenberg, òg kalla Silingi) er eit fjell i Sudetane (Pogórze Sudeckie) i Nederschlesen sør i Polen. Området er eit naturreservat som hovudsakleg består av granitt og har ei høgd på 718 meter over havet. Fjellet er dekka av skog og vart skildra av Klaudios Ptolemaios som Asciburgius i Magna Germania.
På toppen av fjellet ligg eit herberge og ei fjernsyns- og radionmast.
[endre] Heilag fjell
Frå steinalderen var Ślęża ein heilag stad i Lausitzerkulturen. Området vart så busett av keltisk-germanske lygiar, etterfulgt av slavarar. Schlesen vart så ein del av Stormähren, og så Böhmen, ein del av Det tysk-romerske riket. Hertug Boleslaw I av Polen erobra Schelsen i 990, men mista det igjen til Böhmen.
På byrjinga av 1100-talet var området rundt fjellet eigd av Peter Wlast Dunin, (polsk: Piotr Włostowic), som grunnla eit augstinarnonnekloster der, som vart flytta til Wrocław i 1153.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mount Ślęża» frå Engelsk Wikipedia, den 13. mai 2008.