Økologisk suksesjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Økologisk suksesjon er endringar som skjer i eit økosystem og eit organismesamfunn over lenger tid. Suksesjonen fører til varige endringar i landskapet. Til dømes kan ein barskog bli hogd ned og vekse opp igjen (ein utanforståande faktor utløysar suksesjonen), eller ein dam kan gro igjen og bli til ei myr (organismane driv suksesjonen sjølv).
[endre] Hogging av barskog
Eit døme på økologisk suksesjon kan ein finne når ein høgg ned barskog. Då skjer det ein økologisk suksesjon som byggjer opp igjen etter hogginga. Etter 80-100 år har flata barskog på ny igjen. Denne suksesjonen blir sett i gong av ein utanforståande faktor. Det finst fire ulike stadi i denne suksesjonen.
Forklaring | Illustrasjon |
---|---|
Hogstflate: Det første steget etter nedhogginga av barskogen er hogstflata. Trea som tidlegare har skugga for sola er no borte, og det gir lys til utvikling av små planter som har sitt leveområde på bakken. I tillegg er det restar etter barskogen, som stubbar, nåler, kvistar og liknande. Etter kvart tar andre næringskrevjande plantene over (bringebær og gjeitrams), og tek bort grunnlaget til dei små plantene. |
|
Lauvkratt: Etter 10 til 15 år har lauvkrattet teke over. Døme er bjørk, rogn, osp og selje. Dei næringskrevjande plantene har forsvunne då dei unge lauvtrea startar å vekse opp. Dette er fordi lauvtrea startar å ta opp all næringa når dei veks. |
|
Lauv- og blandingsskog: Lauvskogen tek over meir og meir, og lagar skugge for plantane på bakken. Det gjer at skogen tek over for plantane. Etter kvart utviklar det seg òg barskog, og ein får blandingsskog med både lauvtre og bartre. Dette varar fram til ca 80 år etter hogginga. |
|
Barskog: No kjem prosessen tilbake til der den starta. I den tidlegare blandingsskogen fanst det både lauvskog og barskog. I den siste perioden, frå 80-100 år tek barskogen heilt over, og lauvskogen blir borte. Lite lys slepp ned til bakken. Barskogen er då tilbake til startpunktet, og er lik som då den blei hogd ned. |