Tastatur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit tastatur er ei eining med mange knappar (tastar) som oftast er merka med bokstavar, tal og andre teikn. Tastatur vert oftast nytta saman med datamaskiner. Det mest vanlege oppsettet i dag, er eit alfanumerisk QWERTY-tastatur med 102 til 105 taster. Men det finst mange andre typar tastatur. Dette kan vera tastatur som fysisk er heilt ulike dei frå vanlege datamaskiner. Døme er spesialtastatur som i kasseapparata i butikkar, reine numeriske tastatur nytta på reknemaskiner, eller tastatur spesiallaga for å skriva fort med berre ei hand. Det finst òg alternative oppsett for vanlige PC-ar, slik som Dvorak-tastaturet. Dette er rett og slett ei omflytting av tastane.
Det finst tastatur der ein må trykkja fleire tastar om gongen for å skriva. Slike tastekombinasjonar produserer heile stavingar i staden for einskilde bokstavar. Det vert hevda at ein som er trent i bruken av eit slikt tastatur skriv langt fortare enn ein som er trent i bruken av eit vanleg tastatur. Slike tastatur er serleg nytta i sambande med teksting av tv-program i direktesending.
[endre] Ulike oppsett av standardtastaturet
- AZERTY (fransk)
- Dvorak (optimalisert/forenkla)
- Dvorak for høgre hand
- Dvorak for programmerarar
- Dvorak for venstre hand
- Numerisk tastatur
- QWERTY (det vanlegaste i Noreg og verda)
- QWERTZ (tysk)