Taj Mahal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taj Mahal er eit monument som ligg ved elva Jamuna i Agra nord i India. Det står på UNESCO si verdsarvliste og er eit nasjonalt symbol for India.
Taj Mahal vart bygd av keisaren Shah Djahan, sonen til Djahangir, som eit mausoleum for den persiske kona hans, Arjumand Banu Begum, betre kjend som Mumtaz-ul-Zamani eller Mumtaz Mahal. Det praktfulle bygget tok 23 år å fullføre (1630–1653), og tømte skattkammeret til keisaren.
Shah Djahan hadde planlagd eit tilsvarande bygg i svart stein på andre sida av elva. Dette blei ikkje noko av fordi keisaren blei avsett av sonen sin, Aurengzeb, og sperra inne i Agrafestningen, der han rett nok kunne sjå rett på monumentet. Då den avsette keisaren døydde etter sju år i fangenskap let sonen han gravleggja ved sidan av Mumtaz.
[endre] Trugsmål
Som nasjonalsymbol og trekkplaster for India er Taj Mahal blitt eit terrormål for ekstreme islamistar, trass i at det er eit muslimsk monument. Det er i dag innført strenge tryggingstiltak rundt mausoleumet, som ikkje lenger er ope om natta.
Men Taj Mahal er òg truga av andre farer. Minkande vassførsel i Jamuna har gjort grunnen porøs, og ein frykter at nokre av tårna, som i dag er så symmetrisk stilde opp rundt hovudbygget, kan bli skeive på grunn av dette.
[endre] Lenkjer ut