Språket zulu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zulu, òg kjend som isiZulu, er eit bantuspråk i niger-kongo-familien, som vert tala av om lag ni millionar menneske. Fleirtalet av dei (over 95%) bur i Sør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i 1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu i Malawi, Mozambique og Swaziland.
Innhaldsliste |
[endre] Grammatikk
Zulu er eit tonespråk. Zulu er også kjend for å ha klikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.
Zulu er eit agglutinerande SVO-språk og høyrer til språkfamilien nguni. I M. Guthrie sitt klassifiserintgssystem høyrer zulu til sone S.
[endre] Språkhistorie
Den kjende historia til språket er knapp. Men det finst vitnemål om språket frå 1500-talet.
Utviklinga til skriftspråket vert styrd av Zulu Language Board i KwaZulu.
[endre] Bakgrunnsstoff
- http://www.lmp.ucla.edu/profiles/profz01.htm
- Teach Yourself Zulu av Arnett Wilkes.