Selbjørn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selbjørn | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austevoll |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 25 km² |
Høgaste punkt | Kongsfjellet (185 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke Kommune |
Hordaland Austevoll |
Største busetnad | Bekkjarvik (355 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 956 (2006) |
Folketettleik | 38,2 /km² |
Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune i Hordaland. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy og på vestsida ligg Stolmesund der Stolmabrua går til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.
Fram til 1964 høyrde søraustsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll
Den største tettstaden er Bekkjarvik, som er ein gamal handelsstad med gjestgiveri, og av andre grender finn ein Salthella, Rabben, Grasdal og Gauksheim.
Tidlegare namn på øya er Salbjorn i Norre-Edda og Fornmannasoger. I 1567 vart namnet skrive Søldbiønn og i 1723 Sælbiørn. Ein meiner at namnet kanskje er eit tabunamn, og at namnet tidlegare kan ha hatt eit anna dyrenamn. Fiskarar skulle til dømes ikkje nevna ordet «katt» når dei var ute på havet, og dei kunne i staden sei «klodyret» eller «Salens bjørn», sidan katten høyrde til salen eller stova. Om Selbjørn ein gong vart kalla noko med katt, så skulle ikkje namnet nemnast.[1]
[endre] Fotnotar
- ↑ Austevoll Gard og Ætt I, side 11