Stolmen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stolmen | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austevoll |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 7,9 km² |
Høgaste punkt | Såta (60 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Hordaland |
Demografi | |
Folketal | 206 (2007) |
Folketettleik | 26 /km² |
Stolmen er den fjerde største øya i Austevoll kommune i Hordaland. Som dei fleste andre øyer ute mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar, lyngheier og litt skog. Det høgaste punktet på Stolmen heiter Såta og er om lag 60 meter høgt.
Busetnadane på Stolmen heiter Våge, Aarland, Stangeland, Mølna, Kvalvågen og Valhammar.
Øya har 206 innbyggjarar pr. januar 2007.
Stolmabrua går frå til øya Selbjørn. Då ho stod ferdig i november 1998 var ho den lengste fritt frambygg-kassebru i lettbetong i verda.
[endre] Historie
Det er gjort arkeologiske funn fra mellom anna vikingtida.
Det var stor tysk aktivitet på Stolmen under den andre verdskrigen. På det meste var over 1000 tyskarar stasjonert her. De bemanna observasjonspostar, radiostasjon og kystartilleri.
På 70-talet var det en Decca-stasjon heilt sør på øya på Våge.