Huftarøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huftarøy | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sunnhordland |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 50,4 km² |
Høgaste punkt | Loddo (244 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Hordaland |
Største busetnad | Storebø (1033 innb.) |
Huftarøy er den største øya i Austevoll kommune rekna etter både areal og innbyggjartal.
Øya ligg mellom Møkstrafjorden i vest, Bjørnafjorden i aust, Langenuen og Selbjørnsfjorden i sør og Korsfjorden i nord.
Nord på Huftarøy ligg kommunesenteret Storebø, med i overkant av 1 000 innbyggjarar. Bygdene Kolbeinsvik og Vik ligg òg på Huftarøy.
[endre] Kommunikasjon
Det går ferje frå Hufthamar nord på Huftarøy til Krokeide i Fana bydel i Bergen kommune, og til Hundvåkøy. Dette ferjesambandet vert traffikert av to ferjer. Søraust på Huftarøy, i Husavik, går det ferje til Sandvikvåg i Fitjar kommune på øya Stord.
HSD sine hurtigbåtar og Flaggruten går innom transportknutepunktet Hufthamar nord på Huftarøy.
På sørspissen av Huftarøy går Selbjørnsbrua over til Selbjørn, som er den nest største øya i Austevoll. Hausten 2005 vart bruprosjektet Austevollsbrua sett i gang, og i 2008 står bruprosjektet som skal binde Huftarøy saman med Hundvåkøy ferdig.