Hundvåkøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundvåkøy | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austevoll |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 10,7 km² |
Høgaste punkt | 61 moh |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Hordaland |
Hundvåkøy, òg kalla Hundvåko, er den tredje største øya i Austevoll kommune. Som dei fleste andre øyar ute mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar, lyngheiar og litt skog. Øya er 10,7 kvadratkilometer og det bur kring 500 menneske der.
Næringsgrunnlaget kjem frå havet. Her er den tettaste konsentrasjonen av ringnotsnurparar i landet, i alt 12 fartøy. Elles er fiskeoppdrett ei viktig næring her som i resten av kommunen. Villsauen beitar ute heile året i lyngheiane. Sauerasen har overlevd i dette karrige landskapet siden vikingtida.