Read-only memory
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Read-only memory (ROM) er ei form for minne i ei datamaskin som i hovudsak ikkje kan skrivast til på nokon enkel måte. For praktiske føremål er det berre leseleg.
Moderne ROM-brikker ser ut som andre halvleiarkomponentar i datamaskina, og i utsjånad skil dei seg berre frå andre grunna teksten på sjølve brikka.
[endre] Typar ROM
Tradisjonelle ROM-brikker som er programmerte på førehand får innhaldet sitt i produksjonsprosessen, og kan ikkje endrast seinare. Men det finst andre typar ROM baserte på halvleiarar:
- PROM (Programmable Read-Only Memory)
- EPROM (Erasable Programmable Read-Only Memory)
- EAROM (Electrically Alterable Read-Only Memory)
- EEPROM (Electrically Erasable Read-Only Memory)