Namur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlebyen i Namur med elva Sambre og St. Aubin-katedralen. | |||||
|
|||||
Styresmakter | |||||
---|---|---|---|---|---|
Land Region Provins |
Belgia Vallonia Namur |
||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
175,69 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
107 178 610/km² |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Heimeside: www.ville.namur.be |
Namur (Nameûr på vallonsk, Namen på nederlandsk) er ein by og kommune i Vallonia i Belgia, og hovudstad i provinsen Namur. Namur ligg der elvene Sambre og Maas renn i hop. Folkesetnaden er hovudsakleg fransktalande.
Byen starta som ein handelsstad for keltarane, men Namur vart først viktig i mellomalderen då merovingarane bygde eit slott eller citadell på knausen oppafor staden der dei to elvane renn i hop.
Namur er ein viktig kommersiell og industriell by som produserer maskineri, lêrvarer, metall og porselen. Han er òg eit viktig jarnbaneknutepunkt mellom Brussel og Luxembourg by, og mellom Lille og Liège. Skipstrafikk på elva Maas passerer midt gjennom byen.
Det største turistmålet i byen er festninga, som no er demilitarisert og open for allmenta. Byen har òg ein årleg ølfestival i påska. I Namur ligg òg katedralen St. Aubain frå 1700-talet og eit klokketårn som står på UNESCO si verdsarvliste.