See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Munnspel - Wikipedia

Munnspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Munnspel
Munnspel

Munnspel, også kalla munnharmonika, er eit musikkinstrument. Instrumentet er populært både som leikeinstrument for barn og som musikkinstrument for vaksne. Munnspel brukast innanfor ei rekkje sjangrar, bl.a. blues, jazz, rock, klassisk musikk, samtidsmusikk, irsk folkemusikk, kinesisk folkemusikk og innanfor visemusikk. Instrumentet kjenneteiknast ved at terskelen for å byrje å spele og å få til enkle strofer er svært låg, medan utviklingspotensialet er stort.

Innhaldsliste

[endre] Teknisk bakgrunn

Lyden i munnspelet lagast ved at ein blåser luft ("utpust" for den som spelar) eller suger luft ("innpust") i hola på framsida. Luftstraumen går inn i ein smal gang og blir pressa forbi ei smal opning i reedplata* som er nesten dekka av ei metalltunge. Denne metalltunga, eller stemmetunga, er ca 2 mm brei og frå 10-20 mm lang, tjukkelse <0,5 mm. Den er festa med naglar til reedplata i ein ende og luftstraummen som passerar på dei tre frie sidene sett stemmetunga i rørsle. rørslene (eig. vibrasjonane) gjev lyd. Lyden sin kvalitet (her: overtonemengde) og pitch (lys eller djup tone) bestemmast av materialet i stemmetunga (ofte messing for å unngå rust), av tjukkelsen på stemmetunga, av lengda samt av vektfordelinga (ved å slipe litt av innerst ved naglen får ein djupare tone, ved å skrape yttarst på stemmetunga får ein lysare tone). Dei kortare stemmetungene gjev lys tone.

* Reedplata er ei metallplate inne i munnspelet som har omtrent same størrelse som munnspelet, og kvar det er festa mange stemmetunger.

[endre] Munnspeltyper

[endre] Diatonisk munnspel

Det vanlege diatoniske munnspelet kallast også "bluesmunnspel". Det har 10 hol, har ingen knapp, er låst til ein toneart (ein får kjøpt alle durskalaene), har avgrensa levetid (3-4 mnd ved intensiv bruk). Det har to reedplater med stemmetunger montert berre på ei side (ei plate inneheld utblåsetonane, den andre inneheld innpusttonane). Det populært sett mest karakteristiske ved instrumentet er at ein kan "bende" tonar på innpust. Dvs at ein sett stemmetunga for utpust i det samme holet i rørsle (i dei to nederste oktavane er utpusttonene ei halv- eller heiltone lavare enn innpusttonane).

[endre] kva munnspel

Ofte spelast munnspel i ein annan dur enn dei er stemt i. T.d. Eit munnspel som er stemt i C-dur spelast i G-dur. Dette kallast for å spele "Cross harp" eller i second position. Dette brukast ofte i blues og Rock og dei manglande tonane skaffast ved bending. Nedanfor følgjer ein tabell over kva dur munnspelet skal vere påstempla for å spele i lag med ein gitar eller song. t.d. Gitar eller song i G-dur: Bruk eit munnspel som er stemt i C-dur (påstempla C)og spel G-dur ved å spele "Cross harp"(second position).

Sang
Munnspill
A
D
A/B
D/E
B
E
C
F
C/D
F/G
D
G
D/E
G/A
E
A
F
A/B
F/ G
B
G
C
G/A
C/D

[endre] Tremolomunnspel

Tremolomunnspel er bygt opp som eit diatonisk munnspel bortsett frå at det har dobbelt sett av alle tonar. Tonane er stemt ørlite forskjellig og dette lagar ein svingningsforskjell som oppfattast som tremolo. Stemmetungane for både ut- og innpust er montert på same reedplate, og som nemnt har ein to tilnærma identiske reedplater på munnspelet. Tremolomunnspelet har ein karakteristisk deling av hola på langs, sett forfrå. Instrumentet brukast stort sett i Asia og til folkemusikk. Kan låte ganske stygt etter kort tid og held ikkje lenge.

[endre] Kromatisk munnspel

Kromatisk munnspel kjenneteiknast først og fremst ved at det har ein knapp på sida. I tillegg har den stemmetunger for både ut- og innpust montert på ei reedplate. Munnspelet har to reedplater, men om den eine er stemt i C er den andre stemt i C#. Knappen på sida av munnspelet er festa til ein langsgående slide som styrar kva reedplate lufta skal styrast til. Dermed har ein tilgang til alle 12 tonar i en halvtonerekkje/kromatisk skala pluss nokre overlappande tonar/einharmoniske tonar (H#+C og E#+F)(til saman 7+7=14). Dei har mellom 10 og 16 hol, men 12 er vanlegst (gjev 3 heile oktavar+). Vanleg omfang for 12-holsmunnspel er c1 til d4. Vanleg omfang for 16-holsmunnspel (også kalla tenorspel) er liten c til d4. I tillegg fins 14-hols munnspel frå liten g til d4 og 12-holsmunnspel frå liten g til g3; begge kan kallast altmunnspel.

[endre] Bassmunnspel

Bassmunnspel brukast i munnspelorkestre (!) og stort sett kromatiske. Det er to subtypar: Hohnerbass har ikkje knapp, veg 2 kg eller meir, alle tonane er på utpust og C og C# reedplata er montert i kvart sitt munnspelhus som er hengsla saman til ei einheit. Tombobass liknar meir på vanlege munnspel og har knapp, noko som gjer det muleg å spele løp og raske parti.

[endre] Akkordmunnspel

Akkordmunnspel kan samanliknast med akkordseksjonen på eit trekkspel og er satt saman av ulike tre- og firklangar. Brukast berre i orkestre, serleg i Tyskland og Asia (og Bergen Munnspelorkester i Noreg).

[endre] Marknaden

Prisen for eit munnspel varierar frå diatoniske munnspel for 10 kroner, via 400 kroner for eit bra diatonisk munnspel som eignar seg (og toler) blues og rock, via dei enklaste kromatiske til 600 kroner, via dei beste entusiastmunnspela til rundt 2000, og heilt opp til 40-50 tusen for dei aller beste konsertmunnspela i massivt sølv.

[endre] Viktige musikarar

Blues og rock
Kim Wilson,( Little Walter)( Sonny Boy Williamson)( James Cotton) Lee Oskar, Charlie Musselwhite, Steve Baker, Carlos Del Junco
Klassisk og vise
Tommy Reilly, Sigmund Groven, Larry Adler, Joe Sakimoto
Jazz
Toots Thielemanns, Mike Turk
Folkemusikk
Brendan Power (irsk/keltisk)

[endre] Eksterne lenkjer

bt.no: Sjå munnspelklubben Club Harmonica spele


[endre] Kjelde

.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -