Munn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Munnen er ein kroppsopning som mange dyr bruker for å ta til seg næring. Han kan også brukast til anding, kommunikasjon og utsondring av væske, som spytt eller gift. For det meste ligg munnen i hovudet, men nokre dyr har han andre stader på kroppen. Hjå menneske er munnen tydeleg markert med lepper i fjeset.
[endre] Munnhola
Munnhola (latinsk cavum oris) er første del av fordøyelsessystemet. Her tek meltinga til gjennom at maten blir kutta opp i mindre biter av tennene og tilsett spytt frå spyttkjertlane. Spytt er basisk (pH høgare enn 7) og inneheld enzymet amylase som spaltar stivelsesmolekyl frå polysakkaridar til disakkaridar. Spyttet drep bakteriar og gjer også maten blautare og lettar å svelga. Når maten er ferdig tygd, blanda og fordelt, blir han dytta ned i svelget av tunga.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mund» frå Dansk Wikipedia, og «Munnhule» frå Wikipedia på bokmål den 11. februar 2008.
|
---|
munnhole → svelg → matrøyr → magesekk → tynntarm → tjukktarm → endetarm |
spyttkjertlar - bukspyttkjertel - lever - galleblære |
|
---|
Øvre luftvegar: nase og nasegangar - munnhole - svelg - strupehovud |
Nedre luftvegar: luftrøyr - lunger |
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |