Kvæøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvæøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 7,0 km² |
Høgaste punkt | Hilderkleiva (267 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms |
Demografi | |
Folketal | 123 (2001) |
Folketettleik | 17,6 /km² |
Kvæøya eller Kveøya er ei øy i Kvæfjord kommune i Troms. Øya ligg i Kvæfjorden, like ved kommunesenteret Borkenes. Kveøya har eit areal på 7 km², og det høgaste punktet på øya er 267 moh. Øya hadde 123 innbyggjarar i 2001. Øya vert rekna som særs fruktbar, med store gardsbruk, og er hovudsakleg busett på sør- og vestsida. Den nordlegaste garden heiter Øynes. Nordaustsida av øya er bratt og det finst ikkje busetnader eller fruktbar jord her.
Kvæøya har ferjesamband med Borkenes på Hinnøya. Kvæfjord kommune har jobba for å få bygd bru mellom Kvæøya og Hinnøya. I desember 2006 gav Troms fylkesråd 20 millionar kroner til bruprosjektet, og byggjinga av Kvæøybrua starta hausten 2007. Brua skal stå ferdig hausten 2010.