Kvæfjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Kvæfjorden.
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1911 |
Fylke: | Troms |
Administrasjonssenter: | Borkenes |
Flatevidd: | 522 km² |
Folketal: | 3 036 (2008) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.kvafjord.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Lillian Hessen (V) 2003-2011 |
Kvæfjord kommune (samisk: Giehtavuona suohkan) ligg i Troms. Han er den vestlegaste kommunen i fylket og grensar i aust mot Harstad i Troms, i sør mot Tjeldsund og Lødingen, og i nord og vest mot Sortland i Nordland. Kommunen ligg på Hinnøya, langs Kvæfjorden med dei mindre øyene Kvæøya og Gapøya.
Kvæfjord har et har eit innbyggjartal på vel 3 000, av dei bur omlag halvparten i kommunesenteret Borkenes.
I kommunen ligg bygdene Borkenes, Bremnes, Elde, Dalsnes, Trastad, Strand, Vikeland, Vik, Straumsbotn, Storjord, Hemmestad, Refsnes, Flesnes, Langvassbukt, Våtvoll, Gullholm, Gullesfjordbotn og Kveøy. I 2000 vart Godfjorden overførd frå Kvæfjord kommune til Sortland kommune.
Kvæfjord er kjend for lange jordbrukstradisjonar og store avlingar med fine jordbær og poteter og for bakverket Kvæfjordkake. Fjorden har også i århundre vore kjend for det gode sildefiske.
[endre] Kjende menneske frå Kvæfjord
- Bendiks Harald Arnesen (1951- ), Stortingsrepresentant
- Karl Erik Harr (1940- ), biletkunstnar
- Nils M. Knutsen (1943-), filolog og forfattar
- Kjell Arne Røvik (1956- ), professor i organisasjonsteori
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Systerprosjekt
|