Hinnøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinnøya Lokalt namn: Iinnasuolu |
|
---|---|
Sigerfjord, ein tettstad på vestsida av Hinnøya |
|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Vesterålen |
Areal | 2204,7[1] km² |
Høgaste punkt | Møysalen (1262 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms, Nordland |
Største busetnad | Harstad (23 108 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 31 851 (2006) |
Folketettleik | 14,4 /km² |
Hinnøya (samisk Iinnasuolu) er den største øya i Noreg (2204,7 km², av det 1410,7 km² i Nordland og 1218,5 km² i Troms) utanom Svalbard, og er delt mellom kommunane Andøy, Hadsel, Lødingen, Sortland, Tjeldsund og Vågan i Nordland, og Harstad og Kvæfjord i Troms.
Byen Harstad og tettstadane Lødingen, Borkenes og Sigerfjord ligg på øya.
Hinnøya har mange fjordar og består hovudsakleg av kuperte og fjellendt terreng. Særleg gjeld dette den sørlege delen av øya der Møysalen nasjonalpark ligg, inkludert det høgaste fjellet på øya, Møysalen med 1262 meter over havet. Det beste jordbruksområdet ligg i nordaust i kommunane Harstad og Kvæfjord. Dei største fjordane på øya er Øksfjorden og Gullesfjorden, som nesten deler øya i to. Ho grenser òg til dei store fjordane Andfjorden i nord, Vågsfjorden i nordaust og Vestfjorden i sør.
Innhaldsliste |
[endre] Vegsamband
Hinnøya er knytt til fastlandet med Tjeldsund bru (1005 m) som strekkjer seg over Tjeldsundet langs etter Kong Olavs vei. Hinnøya er også knytt til Langøya med Sortlandsbrua og til Andøya med Andøybrua. Lofast, det ferjefrie vegsambandet til Lofoten, vart offisielt opna 1. desember 2007. Sambandet er ein del av E10 som går svært nær Møysalen nasjonalpark.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Hinnøya» frå Engelsk Wikipedia, den 5. april 2008.