Jan Magnus Bruheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Magnus Bruheim var ein norsk forfattar og lyrikar. Bruheim vart fødd i Skjåk den 15. februar 1914, og døydde 10. august 1988. Etter skulen fylgde nokre meiningsfylte år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.
Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing. Sjølv om han var mykje på skulebesøk, så var han berre ein gong på skulebesøk i Skjåk Ungdomskule, innvitert av daverande lærar Inger Stavgrim.
Jan Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon.
Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.
I 1978 flytte han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, barneboka "Den kvite hjorten" og diktsamlinga "Flo og Fjøre". I 1972 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag. Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans.
Bruheim kom attende for godt til Skjåk 1985, da han kjøpte Vyuli frå garden Eide, og busette seg der. Han døde i heimen sin i 1988.