Inuktitut
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
inuktitut (ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, Inuktitut, Inuttitut, Inuktitun, Inuinnaqtun, Inuttut m.fl.) |
||
Klassifisering: | eskimoisk-aleutisk Inuit |
|
Bruk | ||
Tala i: | Kanada (Nunavut, Nunavik, Northwest Territories, Nunatsiavut) | |
Område: | Nordre Nord-Amerika | |
inuktituttalande i alt: | 30 000 | |
Rangering: | Ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem: | det kanadiske stavingsalfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Nunavut, Northwest Territories | |
Normert av: | Inuit Tapiriit Kanatami og andre lokale institusjonar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | iu | |
ISO 639-2: | iku | |
ISO 639-3: | iku |
Inuktitut (ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, bokstaveleg 'som inuitane') er eit språk eller ei samling dialekter som høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkgruppa som blir snakka nord for tredgrensa i Canada: Newfoundland og Labrador (NFL), Quebec og i noko gra i nordaustre Manitoba samt i territoria Nunavut, Northwest Territories (NWT) og av tradisjon på Yukonkysten mot Nordishavet. I følge kanadisk statistikk finst det rundt 30 000 talarar av inuktitut, der om lag 200 bur heilt eller tidvis utanfor dei tradisjonelle inuitiske områda.
Inuktitut har status som offisielt språk i Nunavut og NWT. Det har også rettsleg status i Nunavik, i Quebec, mykje takk vere James Bay and Northern Quebec Agreement og blir anerkjend i staden for det franske språket som det offisielle undervisningsspråket i dei inuittiske skoledistrikta i Nunavik. Etter at den føderale kanadiske regjeringa og provinsen NFL anerkjende språket, har inuktitut òg hatt ein avgrensa offisiell status i Labrador.
Innhaldsliste |
[endre] Dialektar og variantar
[endre] Northwest Territories og Yukon
Inuitane i Kanadas NWT kallar seg sjølv Inuvialuit og lever i førsta hand i Inuvialuit Settlement Region, den nordlege delen av Mackenzieelvas delta, NWT og Yukons arktiske kyst, Banksøya, ein del av Victoriaøya og ytterligare nokre fjerne og berre periodvis bebudde arktiske øyar. Dei ulike språkvariantane i NWT brukar ibland kollektivt å bli kalla inuvialuktun, noko som er ei missvisande generalisering. Inuvialuit består av tre distinkta dialektar:
- Kangirjuarmiutun: Blir snakka i hovudsak i Holman og er stort sett identisk med inuinnaqtun som blir snakka i vestre Nunavut.
- Siglitun: Blir snakka framfor alt i Paulatuk, Sachs Harbour og Tuktoyaktuk. Siglitun var ein gong den største dialekten i Mackenziedeltaet, men antalet talarar minska dramatisk etter at epidemiar av nye sjukdommar braut ut på 1800-talet, og under fleire år trudde man att siglitun var helt utdøydd. Først på 1980-talet oppdaga man at dialekten framleis vart snakka. (Dorais, PDF: Arctic languages: an awakening, pg. 194)
- Uummarmiutun: Blir snakka i hovudsak i Inuvik og Aklavik. Uummarmiutun er meir eller mindre identisk med Alaskadialekten Inupiatunog i Kanada, framfor allt fordi dei gjennom migrasjon frå Alaska på 1910-talet flytta tilbak til dei områda dei forlot under dei øydeleggjande epidemiane under 1800-talet. [1]
Inuvialuktundialektane er alvorleg trua etter at engelsk i løpet av dei seinaste åra har vorte kvardagsspråk i samfunna i NWT. Undersøkningar som har vorte gjort gjev litt varierande opplysningarm men alle gjev bilete av at dialektane ikkje er livskraftige. Etter Inuvialuit Cultural Resource Centre talar berre 10% av befolkninga noka form av inuktitut og berre 4% bruker språket i heimen. [2] Statistics Canada folketeljing 2001 gjev eit noko lysare bilete med 765 som oppgjev at dei tala inukitut, av ei befolkning på 3 905 personar. Med tanke på det store talet ikkje-inuitar som lever i inuvialuitområda og saknet av ein felles dialekt bland dei talarane som er att, ser framtida for inuitspråket i NWT dyster ut.
[endre] Nunavut
Nunavut opptar geografisk det største området i den inuitiske verda (utan å rekne med det indre av Grønland). Det omfattar store delar av det kanadiske fastlandet og eit stort antal øyar, eit enormt område som blir delt opp av elvar og sund, av Hudson Bay og hav som berre periodvis frys. I dette området finst det mange dialektar, men samanlikna med alle andre like gamle språkfamiliar er det oppsiktsvekkjande draget innafor inuktitut at det er så små språklege skilnader over dei enorme avstandane.
I Nunavut finst det fire offisielle språk: Engelsk, fransk, inuktikut og inuinnaqtun, men i kva omfang inuktitut og innuinnaqtun skal bli betrakta som ulike språk er omdiskutert. I praksis brukast ofte inuktitut som term for alle språka.
Demografisk er situasjonen betryggjande i Nunavut. 24 000 inuitar bur i territoriet og 80% talar inuktitut (2001), av dei oppgjev omkring 3 500 at dei er einspråklege. Statistikk frå 2001 viser at, til og med om delen talarar er noko høgare i eldre generasjonar, så har inuktitut slutta å minske i Canada, og språket kan til og med auke i Nunavut.
- Inuinnaqtun er ein språkvariant som blir snakka i den vestre delen av Kitikmeotregionen i Nunavutog i Holman i NWT. Sjølv om det finst fleire grunnar til å betrakte inuinnaqtun som ein eigen variant av inuktitut, er dei mest openberre kjenneteikna eit ytre: den tradisjonelle inuktitut-stavingsskrifta brukast ikkje, i staden bruker dei det latinske alfabetet. Regeringen i Nunavut betraktar rett nok inuinnaqtun som eit av territoriets offisielle språk, men mange betraktar i staden det heilt enkelt som vanleg inuktitut skrive med det latinske alfabetet. Den latinske transkriberinga av inuinnaqtun er likevel ikkje den same som for dei vestre dialektane i Nunavut.
- Natsilingmiutut viser til fleire varianter som blir snakka i Natsilik, den østre delen av Kitikmeot. Dei som talar dialekten kallar den sjølv nattilingmiutut. Av desse variantane blir ibland utkuhiksalingmiutut betrakta som ein egen dialekt. Den blir snakka idag framfor alt i Goja Haven, men har tradisjonellt vorte snakka i eit større område som til og med inkluderer Franklin Lake og eit område kring Chantreyviken, .
- Kivallirmiutut er ein dialekt som blir snakka i Kivalligregionenog ned til grensa mot Manitoba.
- Aivilimmiutut blir snakka i det området som tradisjonelt er kjend som Aivilik: Southamptonøyaog Repulsebukten i Kivalliq og delar av Melvillehalvøya i Qikiqtaalukregionen. Inuitane busette seg i området etter at dorsetkulturen hadde forsvunne omkring 1900. Visse lingvistar betraktar aivilimmiutut som så nærståande nordbaffin att det ikkje fortener ei separat handsaming. (Dorais, Arctic languages: an awakening, s 194, PDF)
- Nordbaffin (Qikiqtaaluk uannangani) blir snakka på den nordlege delen av Baffinøya ved Iglulik og angrensande delar av Melvillehalvøya, samt inuitiske busetjingar i nordre Nunavut, som Resolute og Grise Fiord. Det er denne dialekten som blir snakka i filmen Atanarjuat.
- Sydbaffin (Qikiqtaaluk nigiani) er dialekten som blir snakka på den sørlege Baffinøya, også på den viktigaste buplassen, Iqaluit. I og med at mykje av massemedia på inuktitut kjem frå nettopp Iqaluit har sydbaffin fått stor spreiing dei siste åra. Ein del lingvistar vil skilje ut austbaffin som ytterlegare ein dialekt på Baffinøya.
[endre] Nunavik
I Quebec bur det omtrent 10 000 inuitar. Så godt som alle bur i Nunavik, där 90% av folkesetnaden etter folkerekninga 2001 snakka inuktitut.
Nunavikdialekten (nanuvimmiutitut) ligg relativt nære sødbaffin, men er ikkje heilt identisk med den. Grensa mellom Nunavik og Nunavut har gjort gjeve Nunavik ei anna regjering og andre utdanningsorgan enn dei andre inuktitutregionane. Standardiseringa av Nunavikdialekten har gjort den ulik andre former av inuktitut. Inuktitut heiter på denne dialekten inuttitut og ibland til og med tarramiutut eller taqramiutut.
[endre] Nunatsiavut
Nunatsiavutdialekten (nunatsiavummiutut, i offisielle dokument ofta kalla labradorimiutut) vart opprinneleg snakka over heile den nordlege Labrador. Den har eit eige skriftsystem som vart laga av herrnhutistmisjonærar frå Grønland på 1760-talet. Dette skriftspråket, og den relativt isolerte stillinga som Nunatsiavut har samanlikna med andre inuittiske samfunn har gjort at det har vorte ein egen dialekt med ein egen litterær tradisjon. Nunatsiavummiut kallar språket sitt inuttut.
I Nunatsiavut oppgav fleire enn 4 000 av innbyggjarane at dei var av inuitisk opphav, men berre 550 oppgav inuktitut som morsmål ved folketeljinga i 2001, dei fleste budde i Nain. I Labrador er altså inuktitut eit truga språk.
Ein separat Nunatsiavutdialekt som skal ligge betydleg nærare dei vestre inuktitutdialektane vart snakka kring Rigolet. Etter eit oppslag i media hadde dialekten berre tre eldre talarar i 1999. [3]
[endre] Fonologi og fonetikk
Dei austkanadensiske inuktitutdialektane har femten konsonantar og tre vokalar (som kan vere lange eller korte). Konsonantane har fem artikulasjonsstadar: bilabial, alveolar, palatal, velarog uvular; og tre artikulasjonsmåtar: ustemt klusil, stemt approksimantar og nasalar og ytterlegare to lydar - ustemte frikativar.
Natsalingmiutut har ytterlegare ein konsonant /ɟ/, eit rudiment av dei retroflekse konsonantar som fans i førinuittisk. Inuinnaqtun har ein konsonant mindre, i og med at distinksjonen mellom /s/og /ɬ/ ikkje lenger bilr oppretthalde, men blir realisert som /h/. Inuktitutdialektane har berre tre vokalar, men vokallengde er distinktiv. Innujingajut, den standardisera latinske transkriberingsforma i Nunavut, skriv langa vokalar med dobbel vokal.
Vokaler | |||
---|---|---|---|
IPA | inuujingajut | Allofonar | |
Kort open fremre urunda | /a/ | a | |
Lang open fremre urunda | /a:/ | aa | |
Kort lukka fremre urunda | /i/ | i | [e], [ɛ] |
Lang lukka fremre urunda | /i:/ | ii | |
Kort lukka bakre rundad | /u/ | u | [o], [ɔ] |
Lang lukka bakre rundad | /u:/ | uu |
Konsonantar ({inuujingajut}og /IPA/) |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | Uvular | Noter | |
Ustemt klusil | {p} /p/ | {t} /t/ | {k} /k/ | {q} /q/ |
|
|
Ustemt frikativ | {s} /s/ {ł} /ɬ/ ({h} /h/) |
|
||||
Stemt | {v} /v/ | {l} /l/ | {j} /j/ ({j} /ɟ/) |
{g} /g/ | {r} /ɢ/ |
|
Nasal | {m} /m/ | {n} /n/ | {ng} /ŋ/ |
|
[endre] Morfologi og syntaks
Inuktitut, liksom andre agglutinerande eskimoisk-aleutiske språk, har eit rikt morfologisk system der ein serie ulike suffiks kan leggast til ein ordstamme. Inuktitut har hundrevis av suffiks, visse dialektar så mange som 700. Desse suffiksa har likevel ei svært einheitleg form, i motsetnad til dei bøiingsformene som opptrer i flekterande språk som t.d. norsk.
[endre] Skriftspråk
Inukitut kan bli skrive på fleire ulike måtar, avhengig av både dialektale skilnader og av historiske og politiske faktorar. Dei første som skreiv på inuktitut var nokre herrnhutismemisjonærar, dei utvikla eit skriftspråk med latinske bokstavar for språkvariantar på Grønland og i Labrador, m.a. brukast teiknet ĸ. På Grønland gjekk dei gjennom ei større rettskrivingsendring i 1973, noko som inneber at denne ortografien berre er i bruk i Nunatsiavummiutut på Labrador. Dei fleste inuktituttalarane i Nunavut og Nunavik bruker idag ei inuitisk stavingsskrift basert på Canadas nasjonale skriftsystem. I NWT og dei vestre delane av Nunavut blir inuinnagtun brukt, eit skriftsystem med latinske bokstavar, som vart skapt av dei misjonærane som verka i området i slutten av 1800-og byrjinga av 1900-talet.
[endre] Kanadisk stavingsskrift
Den inuktitutske stavingsalfabetet i Canada utgår frå creeindianarane si stavingsskrift som vart laga av misjonæren James Evans. Den skrifta som blir brukt i dag vart teken i bruk av det Inuitiske kulturinstituttet i Canada på 1970-talet. Inuitane i Alaska, Inuvialuit, inuinnagtuntalare og inuitane på Grønland og i Labrador bruker det latinske alfabetet, tilpassa etter deira behov på ulike måtar.
Sjølv om inuitanes skriftsystem av tradisjon blir kalla for ein stavelseskrift, så blir det klassifisert som ein abugida, det vil seia eit skriftsystem der mange stavingar med same innleiande konsonant har glyffar med same konsonantbase med ulike alternasjoner for å representere stavelsens vokal.
Alle teikna i inuktitutskrifta finst i Unicodes Unified Canadian Aboriginal Syllabics character table.
[endre] Referansar
- Inuktitut Linguistics for Technocrats, Mikk Mallon.
- Introductory Inukitut and Introductory Inuktitut Refernce Grammar, Mikk Mallon, 1991. ISBN 0-7717-0230-2 and ISBN 0-7717-0235-3
- Inuktitut: A multi-dialectal outline dicsjonary (with an Aivilingmiutaq base), Alex Spalding, 1998. ISBN 1-896204-29-5
- Inuktitut: a Grammar of North Baffin Dialects, Alex Spalding, 1992. ISBN 0-920063-43-8
- Arctic Languages: An Awakening, ed: Dirmid R. F. Collis. ISBN 92-3-102661-5 Available in PDF via the UNESCO website.
- Mange av døma i denne artikkelen er henta frå Introductory Inuktitut og Inukitut Linguistics for Technocrats.
[endre] Eksterne lenkjer
- Inuktitut - English Dicsjonary
- Nunavut Living Dicsjonary
- Inuktitut Morphology List (PDF)
- A Brief History of Inuktitut Writing Culture
- Inuktitut Syllabarium
- Our Language, Our Selves
- Government of Nunavut - Pigiarniq Fonts
Eskimoisk-aleutiske språk |
Aleutisk |
Yupik-språk: | Alaskayupik | Alutiiq | Naukisk | Sirenik | Yuit |
Inuit-språk: | Grønlandsk | Inuktun | Inuktitut | Inuvialuktun | Iñupiaq |