Morfologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morfologi kjem frå det greske ordet morfe, og logi ’lære’. Omgrepet blir brukt om korleis ting er bygde opp innan ulike fagfelt. Omgrepet vart laga av Goethe i 1796. Han brukte omgrepet i biologien, som læra om den ytre forma til levende vesen. Seinare har det vorte brukt både i botanikk, zoologi og geografi (som læra om landskapsformer), og etter kvart og i lingvistikken. Der er morfologi læra om eller studiet av den indre oppbygnaden og strukturen til orda. Morfologien tek føre seg bøyingar, avleiingar og samansette ord (ord med fleire røter). Etter strukturalistisk lingvistikk er den minste meiningsberande eininga vi kan bryte eit ord ned i, eit morfem.
Morfologi i biologien viser til korleis levande organismar er bygde opp.