Harald V av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Noreg | Frå 17. januar 1991 | |
Føregjengar | Olav V | |
Etterfylgjar | - | |
Fødd | 21. februar 1937 | |
Død | - | |
Gift med | Sonja Haraldsen | |
Barn |
|
|
Gravlagd | - | |
Motto | «Alt for Noreg» |
Hans Majestet Kong Harald V er konge av Noreg sidan 1991. Harald var kronprinsregent frå mai 1990, då far hans var sjuk. 17. januar 1991 døydde kong Olav, og Harald vart då ny konge. Han vidareførte valspråket til faren og farfaren sin, «Alt for Noreg». Lik faren sin vart han signa i Nidarosdomen i Trondheim.
Kongen er øvste leiaren for Den norske kyrkja og øvstkommanderande for den norske hæren.
Innhaldsliste |
[endre] Barndom
Kong Harald vart fødd på Skaugum den 21. februar 1937 som son av kronprinsparet Olav og Märtha. Han har to eldre søstre, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen og prinsesse Astrid fru Ferner. Harald V tilhøyrer det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.
Under Den andre verdskrigen flykta kronprinsesse Märta med dei tre barna til Sverige og sidan til USA, der dei budde i Washington, D.C. til krigen var over.
Då prinsen kom tilbake til Noreg gjekk han på Smestad skule, der ei politivakt i gangen var det einaste som skilde han frå dei andre skulebarna.
[endre] Utdanning
Etter at han fekk artium gjekk prins Harald inn i militæret, først på Kavaleriets befalsskule og sidan på Krigsskulen, der han vart uteksaminert i 1959. Deretter drog han til Balliol College i Oxford der han studerte historie, samfunnsvitskap og økonomi.
[endre] Kronprins
Då kong Haakon VII døydde den 21. september 1957 blei prins Harald kronprins. Han møtte til statsråd, og opptrådde som regent når kong Olav var vekke, første gong i 1958.
[endre] Familie
Kronprinsen gifta seg den 29. august 1968 med Sonja Haraldsen, som no er dronning Sonja. Dei to hadde kjent kvarandre i ni år, men det at ho kom frå borgarskapet og altså ikkje var adeleg vart då sett på som eit problem. Etter at kong Olav hadde rådspurd regjeringa og ulike stortingsleiarar, fekk dei to lov til å gifta seg.
Paret fekk ungane Märtha Louise og Haakon Magnus i 1971 og 1973.
[endre] Interesser
Harald byrja å segla i ti-årsalderen og har halde denne interessa ved like sidan. I 1964 deltok han i Dei olympiske leikane i Tokyo, og i 1987 vart han og mannskapet på Fram X verdsmeistrar i segling for eitt-tonnarar. I 2005 tok kongen og mannskapet på Fram XV gull i EM i Sverige.
Føregjengar: Olav V |
Konge i Noreg (1991–)
|
Etterfylgjar: Haakon Magnus er kronprins |