Kronprinsesse Märtha
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Märtha Sofia Lovisa Dagmar Thyra (28. mars 1901–5. april 1954), kjend i Noreg som Kronprinsesse Märtha, var kronprinsesse av Noreg frå 1929 til ho døydde i 1954.
Märtha vart fødd i Stockholm i Sverige den 28. mars 1901 som svensk prinsesse av slekta Bernadotte. Ho var nest eldste dotter av prins Carl Bernadotte av Sverige og prinsesse Ingeborg av Danmark.
Ho vart gift den 21. mars 1929 i Vår Frelsers kirke, i dag Oslo Domkyrkje, med kronprins Olav. Dei to var syskenbarn
Olav og Märtha fekk barna prinsessene Ragnhild (prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen) og Astrid (prinsesse Astrid, fru Ferner) og prinsen Harald (i dag kong Harald V).
Märtha døydde den 5. april 1954 i Oslo. Kronprins Olav vart i 1957 konge av Noreg, som Olav V.