Georg III av Storbritannia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg III. Georg Vilhelm Fredrik (tysk språk Georg Wilhelm Friedrich, engelsk språk George William Frederick) (fødd 4. juni 1738, død 29. januar 1820). Georg III var frå 1760 til 1801 konge av kongeriket Storbritannia og kongeriket Irland. Frå 1801 til 1820 var han konge av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg og dermed tysk kurfyrste. Frå 1814 var han konge av Hannover.
Georg III tilhøyrde det tyske fyrstehuset Hannover, ei grein av Welfarane, og nedstamma mellom anna frå Heinrich der Löwe. Han var son av Fredrik Ludvig av Hannover og Auguste av Sachsen-Gotha. Den 8. september 1761 gifta han seg med Sophie Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Dei fekk 15 born, mellom anna den seinare kong Georg IV av Storbritannia.
Han tapte den amerikanske sjølvstendekrigen mot den nordamerikanske kolonien, som reiv seg laust og vart til USA. Han engasjerte seg i samarbeid med Preussen og Russland mot Napoleon Bonaparte sitt Frankrike.
[endre] Sjå òg