Flussyre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generelle eigenskapar | |
---|---|
Namn | Flussyre |
Kjemisk formel | HF |
Utsjånad | Fargelaus gass |
CAS-nummer | 7664-39-3 |
Fysikalske eigenskapar | |
Atommasse | 20.1 amu |
Smeltepunkt | 190 K (-83 °C) |
Kokepunkt | 294 K (19.5 °C) |
Tettleik | 0.97 ×10³ kg/m³ (væske) |
Løyselegheit | blandbar med vatn |
Termokjemi | |
ΔfH0gas | ? kJ/mol |
ΔfH0liquid | ? kJ/mol |
ΔfH0solid | ? kJ/mol |
S0gas, 1 bar | ? J/mol·K |
S0liquid, 1 bar | ? J/mol·K< |
S0solid | ? J/mol·K |
Safety | |
Svelging | Giftig, oftast dødeleg. |
Innanding | Giftig, dødeleg i konsentrasjonar >200ppm, ikkje-dødelege dosar kan gje lungeødem. |
Hudkontakt | Absorberast gjennom hud. Gjev nerve-, bein- og organskade. Kan vera dødeleg. |
Augekontakt | Stor risiko for blindheit. |
SI-einingar er brukt der ikkje anna er opplyst. Standard temperatur og trykk er brukt. |
Flussyre er ei svak syre med kjemisk formel HF. Flussyre dannar hydrogenbindingar. Sidan syra reagerer med glas må ho oppbevarast i plastemballasje.
Syra er etsande sjølv i små konsentrasjonar. Dessutan kan fluoridionet trenga inn i hud og binda seg til kalsium. Får ein flussyre på huda kan det gjera skade etter fleire timar.
[endre] Produksjon
Mineralet fluorspar (kalsiumfluorid CaF2) og svovelsyre vert brukt til å produsera flussyre etter likninga:
CaF2 + H2SO4 -> 2HF + CaSO4
[endre] Bruk
Flussyre løyser oksid godt. Derfor kan syra brukast til å reinsa metall som uran og aluminium. Ho vert òg brukt til å etsa glas og som råstoff i produksjon av sambindingar som inneheld fluorid.