Etnedal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0541 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Bruflat |
Flatevidd: | 458 km² |
Folketal: | 1 388 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Jan Arild Berg (Sp) |
Målform: | Nøytral |
Nettstad: | www.etnedal.kommune.no |
Etnedal er ein kommune i Oppland fylke. Den grensar i aust mot Nordre Land, i sør mot Sør-Aurdal, og i vest og nord mot Nord-Aurdal.
Kommunen er den austlegaste i landskapet Valdres og blei oppretta 1894 ved at Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal blei slegne saman til den nye Etnedal kommune.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før den passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.
[endre] Næringsliv
Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innafor industri og turisme.
[endre] Tusenårsstad
Kommunens tusenårsstad er kommunesenteret Bruflat. Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og kommunen skal etterkvart forsøke å få oppført eit lite bygdetun med gamle hus for aktivitetar.
[endre] Sjåverdigheiter
- Lunde bru, som er attgjeven på kommunevåpenet. Den er Nord-Europas lengste steinkvelvsbru, og blei bygd i 1829 som ein del av den gamle kongevegen til Bergen. I 1992 blei ein del av denne vegen oppussa og er nå i bruk som naturstig og turveg.
- Høljarast bru, krigsminnesmerke.
[endre] Bakgrunnsstoff
|